ARVE THORVIKS KUNSTUTSTILLING «Fjordalangs»
2024-10-16 13:00 - 17:00Gode Rotary-venner,
På siste møte var det interesse for å koma og sjå den utstillinga eg skal ha i mitt atelier i oktober. Det er sjølvsagt uråd å finna eit tidspunkt som passar alle, så eg får berre vona dette går bra for dei fleste av dei interesserte.
Dei som var med sist eg hadde utstilling, vil hugsa at det var stor vekt på motiv frå Hardanger, og mange gamle, fråflytta hus. Det er ikkje heilt ulikt denne gongen. Tittelen på utstillinga er «Fjordalangs».
Her er teksten som innleier katalogen (som vil vera tilgjengeleg på eiga nettside i god tid før opninga 12. oktober):
Barndommen min var aldri grå. Fargane var kanskje ikkje så knallsterke, men dei var aldri i pastell og i alle fall aldri grå. Dei var grøne av alt det vi levde i av gras, høy og utmark, med islett av det gulna, det lauvtunge, men like mykje av bløminga og det spirande. Dei lukta av høy og møk, men også av røykjekjøt og steikt småaure. Og – for min del - den småstøvete eimen av bibliotekbøker som låg over det heile, saman med eimen av dei gjennomblaute vottane vi turka på omnen i klasserommet i småskulen. Så kondensert kunne eg gjera min barndom.
Det ville bli hundrevis av fotnotar og mange modale hjelpeverb om det skulle bli heilt korrekt, men dette er det bakteppet eg har med meg når eg malar bilete under overskrifta "Fjordalangs." Som så mange eldre vender eg stadig tilbake til barndommens rike. Først og fremst gjer eg det med pensel, lerret og staffeli. I denne utstillinga freistar eg - med sterke fargar - å byggja mi eiga vesle hengebru mellom landskapet der heime langs Hardanger-fjorden, og det kunst-universet som har inspirert meg - representert ved Henri Matisse - malaren som aldri gav opp, trass i alder og sjukdom.
Det kan ikkje understrekast nok at eg er amatør og autodidakt. Eg malar for å dempa smerter og skapa min eigen optimisme, men eg malar ikkje for kottet eller skraphaugen: Eit bilete får først sin verdi når nokon har sett det, og skapt ein reaksjon - positiv eller negativ. Difor er eg uendeleg takksam om du vil koma og sjå på bileta mine. Det er rundt 70 av dei med smått og stort.
Tidspunkt:
Onsdag 16. oktober kl. 13.00
Adresse:
Gamle Ringeriksvei 14 B (det gamle apoteket på Stabekk for dei lokalkjende). Inngang på baksida.
Utstillinga er delt på to lokale i to etasjar, så for å sjå alt må ein kunna handtera ei trapp.
Å koma dit:
- Frå Oslo sentrum – grøn buss nr. 150 (Gullhaug) til Ringstabekkveien. 1 min. gange, eller
- T-bane til Bekkestua. Frå Bekkestua (Busstasjon, t-banestasjon og trikk nr. 13): Ca. 10 min. gange på fortau/ gangsti langs Gml. Ringeriksvei.
Med bil:
I arbeidstida fram til kl. 16, er det få parkeringsplassar på eigedommen (stor trafikk til og frå eit tannlege-kontor), men eit par bilar bør finna plass.
Servering:
Eg kan by på kaffi i pappkrus, men meir enn det maktar eg ikkje få til. Men det går jo an å ta med seg eit wienerbrød frå Samson eller Baker Hansen på Bekkestua, om de skulle ønskja det.
Opningstider:
Kan du ikkje koma på dette tidspunktet, så er opningstidene elles slik:
Søndag 13.oktober: 14 – 17
Mandag 14. – fredag 18. oktober: kl. 15 – 18.
Laurdag 19.oktober: kl. 14 – 17 (siste opne dag)
Svar: Eg vil gjerne vita kor mange som kjem / tek sikte på å koma. Send meg eit svar før 5. oktober, er de gilde. (Blir det mindre enn 8-10 påmelde, så avlyser vi).
Med helsing
Arve